tirsdag 6. september 2016

Kuling i kasta (minst!)

Etter at vi gjekk Besseggen og Gaustatoppen tidlegare i år, var det eit unisont ønske frå både Agnes og Jesper at vi skulle kome oss opp på dei høgaste toppane i Noreg. Eg var sjølvsagt ikkje vanskeleg å be, so her var det berre å smi medan jarnet var varmt. Fyrstevalget var for so vidt enkelt; vi gjekk for den høgaste. Galdhøpiggen! 2469 m.o.h. Atter ein gong fekk vi med oss fetter Emrik og onkel Kjetil, eit strålande turfølge vi hadde ein fin tur til Gaustatoppen med.

Vi starta planlegginga allereie fyrste dag etter at vi kom frå Gaustatoppen. Etter litt googling og undersøking, fann vi ut at vi ville gå den minst krevande løypa; frå Juvasshytta og over Styggebreen. Dette er ein meir familievenleg tur enn om vi skulle gått frå Spiterstulen. I tillegg går turen over ein isbre, og det hadde vi ikkje prøvd før. Difor var valget enkelt i valg av trasé. Sjølv om turen blei bestemt og booka allereie i juli, var det fullt på Juvasshytta, so vi måtte lenger ned i dalen for å få overnatting. Valget falt på Bøverdalen Vandreheim. Det er ein liten halvtime å køyre til Juvasshytta der dei har guida turar, men det var eit heilt OK valg. For dei som vurderar å tinge på same stad, vil eg anbefale å bestille både frukost og middag i førekant. Vi måtte køyre til Lom for å få middag laurdags kveld sidan vi ikkje hadde sagt i frå om at vi ville ha middag. Dei kjøper inn berre akkurat nok til dei som forhåndsbestiller. Dette er jo i og for seg er eit miljøvenleg og godt tiltak, berre litt dumt vi ikkje var klar over det før vi reiste ...

Laurdag var den store dagen. Det er alltid litt nervøst i timane før avmarsj, og Agnes sa at ho grua seg litt. Det er klart at det høyrest skummelt og bratt ut å skulle gå opp på toppen av det høgaste fjellet i Noreg. Ikkje berre Noreg, forresten; det er det høgaste fjellet i Nord Europa! Heldigvis går denne nervøsiteten fort over når vi fyrst er i gong. Vel framme på Juvasshytta, var det tjukt av andre som ville bestige fjellet. Dette er faktisk den fyrste gongen Turpotetene virkeleg har fått oppleve kva ein meinar med å gå i kø på fjellet. Om eg seier at det var 400 stykk som skulle opp og ned denne laurdagen, trur eg faktisk at eg held litt att. Heldigvis er det plass til alle, sjølv om det til tider er litt trangt.

Etter ein kort transportetappe, kom vi til kanten av Styggebreen. Det var lettare skodde og sikta var ikkje all verden, men likevel god nok til at vi såg eit par taulag som gjekk over breen. Jesper fekk stjerner i augene og meinte at dette kom til å bli det kulaste han hadde gjort. Nokon sinne! Eg kan ikkje anna enn å dele begeistringa hans, og innrøm lett at eg fekk litt kjensle av å vere i ein av desse filmane frå Himalaya då eg såg utover breen og skimta taulagene i det fjerne. Når eg fyrst er ærleg; eg må seie at ein far blir jo litt nervøs for borna sine når Thomas, breføraren, kunne fortelle at det hadde gått eit par stykker i bresprekker dei sista dagane ... Men om vi gjorde som han sa og fulgte eit par enkle reglar, skulle nok dette gå bra! Aiabaia! Her gjaldt det å følge godt med!

Vêret var relativt variabelt. Det snødde, skodda låg tjukk, det var antydningar til blå himmel, det blåste med (etter godt kvalifisert vestlandsanslag) kuling i kastene, sola skein, regnbogane var framme. Rett og slett utruleg mykje vêr, kan du seie! Men heldigvis var vi godt kledd og hadde med ekstra skift i sekken om det skulle knipe om. Heldigvis klarte vi oss utan å fryse. Vi var egentleg mest utsatt for frysing då vi sto og venta på å få gå opp ryggen, men eit lag med ull, fleecejakke og ei god og vindtett ytterjakke og ditto bukse gjer susen.

Då vi endeleg kom oss over traversen og det berre var den siste kneika opp til toppen att, var det so bratt at vi blei gode og varme av det. Heldigvis utan at vi løyste svetten og blei våte av det. Då hadde vi måtte gjere som fleire gjorde; dei tok av seg svett ulltøy og skifta til tørt. Det bles friskt på toppen, og dei ca. 20 minuttene vi hadde der kunne blitt veldig kalde om vi ikkje var tørre. Heldigvis var vi tørre og gode, og fann vi ein fin plass i le slik at vi kunne ete lønsjen vår utan at det skulle blåse rett gjennom oss. Å kome seg inn i hytta der oppe, kunne vi iallfall berre gløyme. Eller for å seie det slik; vi gadd ikkje stå i kø for å kome inn berre for å snu og gå ut for å sleppe inn andre ...

Sjølv om eg var nervøs for borna på veg over breen, var det ingen ting mot nedstiginga. I og med at det var so mange som hadde gått opp og ned den dagen, var snøen blitt polert såpeglatt og det var vanskeleg å fote seg godt. Det var fleire som sklei og ramla, og det kunne nok sikkert gått mykje verre. Heldigvis var breførarane frå Juvasshytta der og hjalp til. Alle kom seg ned i eit stykke, og turen tilbake over breen og ned til hytta gjekk utan problem.

Sjølve turen er ikkje lenger enn ein stad mellom 6 og 9 km, men pga antalet turgåarar og sidan vi skulle gå over breen med breførar, tek det litt tid. Eg trur vi klokka inn på 6, 6 1/2 time. Turen er ikkje spesielt slitsom, og eg trur dei fleste familiar kunne klart dette. Iallfall dei som har born i skulealder.

Eg har atter ein gong prøvd å bruke fotografiapparatet til å prøve å skildre korleis turen var for oss.


Spent før avgang.

Sjekk av utstyr er viktig før ein går!

Posering ved start.

Karrig landskap.

Folksamt til topps.

Dagens fyrste snø.

Fortropp.

Ein liten pust i bakken.

Det er alltid viktig å drikke godt.

Den lokale breføraren, Thomas, går gjennom sikkerhetsreglar.

Long, long rekke over Styggebreen.

Ei lita bresprekk.

Kø over Styggebreen.

Jesper har pakka seg godt inn!

Taulag på veg tilbake over breen.

Kø opp langs eggen.

Godt humør over traversen.

Trolsk stemning i skoddehavet.

Bak i skodda der ligg Galdhøpiggen.

Slitsomt i den siste bratte kneika opp til toppen!

Toppen skrid ut frå skodda!

Vi klarte det! Galdhøpiggen er bestigen!

Vinteren slepp ikkje taket so høgt oppe!

Vi ga opp å gå inn på hytta. Like fint ute!

Utsikt over ryggen mot Styggebreen.

Det bles friskt, med minst kuling i kasta (trur vi).

Den blå himmelen titta fram til slutt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar