torsdag 30. juni 2016

Fjellfestival

I helga reiste vi til Gjendesheim og deltok på Jotunheimen Fjellfestival. Etter ein liten ekstratur til Otta (rett og slett dårleg navigering av far ...), kom vi omsider fram til den vakre innsjøen Gjende. Ein blir andakteg og kjenner på kor liten ein er blant slike majestetiske fjell. Vi fekk diverre ikkje vore med på fjelltur torsdagen sidan vi fyrst reiste frå Oslo etter lønsj, men det var strålande vêr og vi rakk middagen.

Gjendesheim.

Med ein gong vi kom inn døra, blei vi tatt godt i mot av damene frå DNT Oslo og Omegn, og dei gjekk kjapt gjennom programmet vårt for helga etter at vi hadde registrert oss. Og for eit program vi hadde foran oss:
Fredag: Besseggen.
Laurdag: opning av Verdas største Leikeland saman med Nils Øveraas (generalsekretæren i DNT).
Søndag: rafting.
Dette kom nok til å bli både slitsomt og moro!

Gjendesheim ligg vakkert plassert ved ein av de viktigaste innfallsportane til den austlege delen av Jotunheimen, og er ei av dei største hyttene til DNT. Den har 185 senger, fordelt på 1-, 2- og 4- sengsrom. Dei har òg sovesalar i eit hus utanfor hytta. Den enkle adkomsten gjer at hytta er populær blant dei fleste og særskilt barnefamiliar. Vinter som sommar. Vert Marius Haugaløkken fortel over ein kaffikopp at dei har ski til både fjellturar og toppturar til leige, og at dei arrangerar både kurs i bruk av randoneeutstyr og guida toppturar for dei som ønsker det.

Fredag: Besseggen
Fredag var den store dagen. Vi skulle omsider gå Besseggen! Eg trur både Agnes og Jesper var litt spente og ei aning nervøse for den bratte eggen, for dei var uvanleg stille på båtturen frå Gjendesheim til Memurubu. Det er ikkje til å stikke under stol at det er bratt opp eggen og det er langt ned på båe sider. Dessutan er det ein relativt lang tur; 16 km i følge guide Jan Gunnar.

 Godt skilta er godt begynt!

Vi tok båten til Memurubu.

Alle vi hadde snakka med om at vi skulle gå Besseggen i juni hadde forberedt oss på at vi kom til å gå i kø, men det var ikkje so mykje folk denne dagen. Vi var rett nok 16 i vår gruppe, men det blei aldri den store køgåainga. Om det skuldast at det var litt grått og fare for regn, veit eg ikkje. Vi hadde iallfall god plass heile vegen. Og at det faktisk regna halve turen, gjorde absolutt ingen ting. Det var ikkje plaskregn i det minste, ei heller tåke. Vi hadde fabelakteg utsyn over Jotunheimen då vi endeleg kom til topps.

 Turen går lettare med godt selskap.

 Eggen ser litt skummel ut!

 Utan mat og drikke, duger fjellfolket ikke.

 Agnes viser kvar vi skal.

Turen opp eggen gjekk smertefritt, og Agnes og Jesper var som reine fjellgeiter. Dei byksa opp eggen på null komma niks og utan antydning til redsle. Som på alle fjellturar, var det som om vi aldri kom heilt til topps; kvar gong vi tenkte at toppen var over neste kneik, var det likevel ein ny kneik og ein ny topp. Men omsider var vi komne opp og då sto jubelen høgt! Vi hadde klart det; vi hadde bestige Besseggen. Det varma og mestringskjensla låg tjukk utanpå oss alle saman.

Godt driv opp eggen.

Her passar det med eit lite tips (som vi heldigvis hadde fått før vi gjekk). Når ein endeleg er på toppen, er det faktisk eit godt stykke att. Det er kanskje lett for at ein tenker at det berre er nedstiginga att når ein er oppe, men turen frå Veslefjellet tilbake til Gjendesheim er faktisk relativt dryg. Likevel veit ein at ein har forsert det tyngste, so det er meir for ein sjarmøretappe å rekne. Det var uansett fantastisk digg å endeleg kome fram til hytta, våte og utsletne etter nesten 6,5 timar. Vi var godt nøgde med tida, og det gjorde ikkje noko å sjå at vinnaren av Besseggenløpet sprang inn på 1 time og 17 minutt dagen etter. Imponerande!!! Eg var iallfall utruleg stolt over at vi hadde gjennomført. Det varmar eit pappahjarte å sjå gleda til borna då dei hadde klart det!
 Turpoteter.

 Bratt!

 Endeleg på toppen!!!

Godt å omsider kome tilbake til hytta!

Laurdag: Offisiell opning
På laurdag var generalsekretæren i DNT, Nils Øveraas, på plass for å opne både fjellet og den nye kampanjen til DNT; Verdens største lekeland. Agnes og Jesper hadde fått den store æra og vere med Nils på å klippe snora. Skjønt; det var ikkje klipping. I god turånd brukte dei kniv for å skjære over bandet. Dette klarte dei bra alle tre:)

 Leikeland for alle!

Snorskjæring.

Etter dette var vi med dei aller minste borna på rytmetur i fjellet. Rytmetur? Kva er det, spør du? Jo, det var noko so enkelt som at det var med to musikarar frå rallarpopbandet Grove Horn og dei spelte og song med god hjelp frå oss andre på rytmeinstrument vi fann i naturen. Steinar, kjeppar og anna som laga lyd. Det var ikkje noko slitsam tur, men det gjorde egentleg ikkje so mykje sidan vi var litt utsletne etter turen over Besseggen dagen før. Vi fungerte òg som heiagjeng i målområdet for deltakarane som sprang Besseggenløpet.

 Grove Horn sto for fløytespel og god fjellmusikk.

Agnes og Jesper øver med Grove Horn.

Under middagen, hadde Grove Horn og borna øvd inn ein låt dei framførte for resten av festivaldeltakrane. Jesper var med som gitarist under song nummer to. Det var moro. Etter middag koste Agnes og Jesper seg med nye vener utover kvelden. Kortspel og andre aktivitetar. Det var mykje latter og glede like oppunder midnatt!

Søndag: RR & R
Søndag var dagen for heimreise. Vi skulle stoppe og rafte (R) på veg heim, men før det skulle vi vere med som gjestar på link frå fjellet i Reiseradioen (RR).

Vi benka oss foran telefonen i den eine kjellarstova saman med Mari frå DNT og venta på at vi skulle på. Det gjekk strålande, om eg skal audmjukast seie det sjølv, og vi snakka villeg vekk om det vi hadde opplevd ila helga. Etter at Agnes hadde sagt sitt, merka brått Mari at det var merkeleg stille i andre enden av telefonen. Det viste seg at vi hadde blitt brutt rett etter at Jesper hadde starta å seie sitt. Litt ergeleg sjølvsagt at gullkornene frå både han og Agnes ikkje kom med, men det er vel litt av sjarmen med å vere på fjellet; det er fort gjort at ein mister signalene ...

So var det på tide med rafting. Ingen av oss hadde gjort dette før, og vi gleda oss veldig. Agnes var nok litt skeptisk og var nok meir i grugledinga, men det gjekk fort over etter at vi hadde starta turen nedover Ottaelva. Vi var faktisk dei einaste som var med på denne flåta, bortsett frå den japanske guiden og ein hollandsk traineeguide. Det gjorde at vi fekk heile turen for oss sjølve. Guidane var utruleg flinke, og spesielt den japanske jenta gjorde at vi klarte å slappe av og berre nyte turen. Ho tøysa og tulla og fekk oss til å senke skuldrane. Nokre språkutfordringar var det sjølvsagt med ein guide som ikkje snakka eit kløyva ord norsk og var heller begrensa i engelsk, men det funka veldig godt likevel. Vi kosa oss glugg og fekk til og med tid til å stoppe i eit roleg parti for litt bading. Vi vil med dette heilhjarta tilrå alle familiar (og andre sjølvsagt) å prøve rafting. Det kan ikkje beskrivast med ord; dette må opplevast. Det var både supermoro og ei flott familieaktivitet som skaper fabelaktege minner. Denne opplevinga kjem vi til å snakke mykje om seinare!





Summa summarum var Jotunheimen Fjellfestival ei kjempefin oppleving og all honør til DNT Oslo og Omegn som sto for arrangementet. Vi kjem meir enn gjerne tilbake!