mandag 11. juli 2016

Sol, regn, hagl og snø

Forrige veke var det Gaustatoppen som sto for tur. Denne gongen hadde vi alliert oss med onkel Kjetil med familie. Dei har hytte i Tuddal, so det gjorde logistikken mykje lettare. Vi reiste fyrst til hytta i Tuddal og overnatta der. Frå hytta i Tuddal er det vel 20 minutt køyretur til Stavsro, parkeringa ved ei av rutene opp til toppen. I tillegg fekk borna litt kvalitetstid med fetter og kusine. Det er alltid kjærkome.

Då vi starta var det supert turvêr; sol, men ikkje steikande frå skyfri himmel, og temperaturen var faktisk tilnærma optimal. Det var dog ikkje berre vi som hadde tenkt oss på fjelltur den dagen; det var ganske mange andre som ville kome seg opp på toppen og sjå ein sjettedel av det flotte landet vårt. Det var mange som sa vi kom til å gå i kø på Besseggen, men der var det nesten folketomt i samanlikning. Ikkje at det la nokon dempar på vårt følge. Vi hadde det berre kos saman. Kusine Ella, den minste i flokken, var med oss nesten halvvegs før ho og mor Tonje snudde tilbake.

 Heilt der oppe skimtar vi  målet frå starten.

Det er mykje kliving oppover. 

Syskenborna klare for ein strabasiøs tur.

Det er trygt for troll her òg. Heldigvis.

Om ein ser vekk frå at det er bratt oppoverbakke heile vegen, er faktisk ikkje turen opp til hytta på toppen (her må eg korrigere ein smule: Hytta ligg på 1850 m.o.h. og toppen er 1883 m.o.h.) so ille. Joda, det er bratt og det er steinete ca. halve turen, men vi brukte 2 timar og 20 minutt opp. Dette med litt kjeks- og sjokoladepauser. Om du spør Jesper og Emrik, hadde nok dei vore oppe enno litt før, all den tid dei i følge seg sjølve sat mykje og venta på oss andre ... Då er det viktig å hugse at det ikkje er tida ein brukar som er viktig, men korleis ein brukar tida. For at dei aller minste (og dei aller eldste, kanskje?) ikkje skal miste motet, lyt ein legge inn pauser med påfyll av bensin. Og vatn. Dessutan er det viktig å sjå seg rundt og bruke tid på leik og fantasi.

Bevis A: Jesper ventar på oss. 

Bevis B: Emrik ventar på oss. 

Agnes i fint driv i regnet.

Pust i bakken.

Som tittelen på innlegget avslører var det meget skiftande vêr på turen. Vi starta med solgløtt og flott turvêr, og var innom både regn, haglbyger, vind og sol att på vegen opp. Men det kan ikkje stoppe turgleda. Då er det berre å kle på seg og ta ein trall. Heldigvis lærte vi ei sjømannsvise frå Gjendesheim då vi var på fjellfestival, so den gjekk om att og om att på vegen. Skjønt; borna var kanskje bort i kjenne på at dei var litt flau av faren som gjekk og gaula litt vel høgt av og til.

Då vi til slutt var oppe, blei det etter kvart strålande utsikt og vi kunne sjå i alle himmelretningar. Det var flott. Men etter kvart skifta det og vi fekk både tåke og snø. Eg og bror min rakk akkurat tilbake frå den eigentlege Gaustatoppen før tåka la seg tjukk over fjellet.

Steinrøys! Steinrøys! Svelt i hjel! 

Jubel! Hytta berre eit par skritt til!

Tåka la seg som eit teppe over toppen. 

Upåklageleg utsikt.

Sikta blei so som so til slutt ...

Å overnatte på hytta var ei oppleving. For å finne rommet vi skulle sove på, måtte vi gå opp ei bratt trapp bak ei dør innerst i kaféen. Då vi kom opp til eit kult rom med skråtak. Ungane kasta seg sjølvsagt over sengene som var innerst slik at dei fekk mest mogeleg skråtak over seg. Vi var fem stykker og fekk rom med akkurat fem senger. Det var to rom til. Eit med fire senger og eit med ei dobbelseng. Denne natta var det berre fire andre gjester. Det var ganske digg og litt spesielt då vi omsider hadde hytta for oss sjølve etter at dagsturistane hadde gjort vendereis og gått heimatt. Då var det berre oss ni pluss dei to jentene som jobba og serverte der.

Det var for øvreg ei oppleving i seg sjølv å bruke utedoen der. Makan til utsikt frå ein utedo skal ein leite lenge etter. Iallfall har ikkje vi sett noko liknande enno.

Om det var tåkete då vi la oss, hadde tåka om mogeleg berre lagt seg enno tjukkare og lenger ned i dalen då vi vakna. Heldigvis var den ikkje so tett at vi ikkje klarte å sjå kvar vi gjekk, so etter ein kjapp frukost, pakka vi snippesken og starta turen heimover. Sjølv om det var nedoverbakke og det gjekk fortare ned enn opp, er det slett ikkje berre berre å gå nedover. Iallfall når det er tåkete og steinane blir sleipe og glatte. Heldigvis letta tåka etter ein snau time, og derfrå og ned var det god sikt og godt humør. Vi fekk ein del imponerte blikk på vegen frå folk som trudde vi hadde vore oppe og var på ved ned att so tidleg, men alle som spurte fekk eit ærleg svar at vi faktisk hadde overnatta. Men om dei som ikkje spurte trur det, lev vi veldig godt med akkurat det:) Og då vi kom eit stykke til, møtte vi kusine Ella og tante Tonje som hadde stått tidleg opp for å møte oss på vegen.

Tjukk tåke då vi starta på heimturen. 

 Tåka letta omsider, men snøflekken var likevel glatt og vanskeleg å forsere. Eller; det var nok berre moro:)

Påfyll av væske er alltid viktig. Sjølv om det er grått og vått og ikkje langt att til bilen.

Gaustatoppen er eit supert turtips for alle som ikkje er redd for at det er litt bratt og steinete. Dei aller minste borna kan ein sjølvsagt bære i meis, men turen er kanskje litt for bratt og lang for dei borna som er for store til meis, og som ikkje har so lange bein. Emrik, som var den yngste i vårt følge til topps, er 8,(veldig snart 9) og klarte seg kjempeflott. For Ella som er 6, var det nok litt for tøft.

Eit aldri so lite PS: turane våre på Besseggen og Gaustatoppen har gjort at Agnes og Jesper har fått vatn på mølla, so no har vi allereie booka tur til Galdhøpiggen fyrste helga i september! Og fetter Emrik og onkel Kjetil blir med på den turen òg.