fredag 31. august 2018

Det sneglar seg framover ...

Image result for dog head silhouette questin mark

Vi fekk ein fabelakteg telefon for nokre dagar sidan.😀 Solplassen har finne ein flott hund for oss og som kanskje fĂ„r adoptere! Den skal pĂ„ papiret vere midt i blinken for oss. Vi er i sjuande himmel og kryssar fingrane for at dette kanskje kan vere Hunden vi har venta pĂ„:) Eg kan diverre ikkje legge ut bilete av den enno, sidan dei som har den ikkje har heilt bestemt seg for at det blir adopsjon. Vi har sjĂžlvsagt fĂ„tt nokre bileter av den, og fy sĂžder; den er heilt ualminnelig sĂžt!😍💖 Heldigvis er familien tydelege pĂ„ at livssituasjonen for dei kjem til Ă„ endre seg so mykje at dei nok ikkje kan tilby det beste til hunden sin, og at det difor mest sannsynleg kjem til Ă„ ende opp med adopsjon.😀

Heldigvis skal vi fÄ ha hunden pÄ besÞk ei heil helg snart, so dÄ fÄr vi iallfall helse pÄ den og bli litt kjent med den. Det er sjÞlvsagt litt kjipt om det etter den helga skulle vise seg at vi likevel ikkje fÄr adoptere den, men slik er det jo med adopsjon. Ein veit jo aldri om ting klaffar for alle partar pÄ same tid ... NÄr det er sagt, er den andre sida av adopsjonsmedaljen at det jo kan vise seg at vi ikkje er riktige for kvarandre, hunden og vi. DÄ er det faktisk veldig fint Ä gjere det pÄ denne mÄten, for det fins ein "angrefrist" som gjer at ein tidleg kan seie frÄ at dette ikkje var riktig. Det er viktig Ä hugse at adopsjon av hund mÄ dreie seg om at ein finn den perfekte matchen mellom hund og familie/adoptÞr, og at ein jobbar med dette i bakhovudet. Men det er klart det er spanande og nesten uuthaldeleg Ä sitte berre Ä vente. Men dette skal vi klare, og den som ventar pÄ noko godt, ventar, forhÄpentlegvis, pÄ noko godt!

So no sit vi jo her dĂ„, med fingrane kryssa, neglebitande, og ventar pĂ„ at dei skal bestemme seg endeleg. Vi kan ikkje gjere anna enn Ă„ hĂ„pe!!! 🙏🙏🙏

mandag 27. august 2018

Hund

PĂ„ dei aller fleste turane vi har vore pĂ„, har vi snakka om at vi alle tre har sakna noko. Spesielt nĂ„r vi ser rundt oss kor mange det er som har med seg ein firbeint turvenn. Det har vi ĂČg lyst til Ă„ ha. So no har vi lenge snakka om Ă„ skaffe oss hund, men det er faktisk ikkje berre Ă„ skaffe seg hund. Iallfall er det viktig for oss at vi veit kor mykje ansvar og jobb det faktisk er med ein hund, og at alle mĂ„ vere med og dele pĂ„ dette. Korkje eg eller mor til Agnes og Jesper har hatt hund fĂžr, so vi er ikkje akkurat det vi kan kalle erfarne. Det er sjĂžlvsagt sikkert veldig koseleg Ă„ fĂ„ ein kvalp; dei er jo so ufatteleg sĂžte! Likevel har vi landa pĂ„ at vi vil adoptere ein hund. DĂ„ fĂ„r vi ein som er over kvalpestadiet, vi fĂ„r ein som vi er litt tryggare pĂ„ gemyttet til (vi vil iallfall vite korleis den har vore so lenge den har levd), og vi hjelp faktisk bĂ„de hund og tidlegare eigar. Dette siste har faktisk vore ein viktig del av beslutningsprosessen vĂ„r. Alt i alt har vi kome til at vi vil adoptere ein hund:)

Image result for hunder

Det var like fÞr pÄ for ei stund tilbake, men dÄ var det ting som skjedde som gjorde at vi likevel ikkje kunne gjennomfÞre det dÄ. Det hadde ikkje vore riktig for korkje hund eller oss. Det var sjÞlvsagt leit, men det var heilt klart for det beste for alle partar! No har vi atter ein gong kome der at vi har kapasitet og ressursar til Ä kunne adoptere, so vi er tilbake pÄ leit. Og det er utruleg spanande!!! Vi vil gjerne gjere dette so profesjonelt og ordentleg som mogleg, so vi har vore i kontakt med bÄde FOD-garden (www.fod.no) og Solplassen (www.solplassenhund.org) og der har dei har vore fantastiske og vi har fÄtt veldig gode rÄd og god hjelp frÄ bÄe to. Dei har vore tydelege pÄ at det er viktig at ein finn riktig hund til riktig familie. Kor stor kan ein hund vere i vÄr familie? Kor masse tur vil den fÄ? GÄr hunden godt overeins med barn/ungdom? Korleis ter den seg i samvÊr med andre hundar? Kan hunden vere heime Äleine ein arbeidsdag? Det er mange spÞrsmÄl som det gjeld Ä tenke godt gjennom og som ein faktisk mÄ dere heilt Êrlege pÄ. Her har bÄde FOD og Solplassen vore fabelaktege! Men; som dei seier bÄe stader: dette kan ta tid! Det er ikkje like lett Ä matche riktig hund med riktig familie, og ein kan diverre ikkje ta snarvegar. Dette har sjÞlvsagt ikkje vore enkelt for oss, utÄlmodige som vi er alle saman ... Dog er det sÊrs viktig. Totalt har vi nok vore pÄ utkikk i snart to Är, av og pÄ. No krysser vi iallfall fingrane og hÄpar det ordnar seg snart:)