tirsdag 9. august 2016

Vilt og vakkert

Forrige veke gjekk Turpotetene Aurlandsdalen. For ein tur! Vill og vakker natur heile vegen. Det er mest so ein mistar pusten, og ein blir liten blant majestetiske fjell. Eg hadde tenkt eg skulle skrive eit feiande flott blogginnlegg, men ord blir fattige og mistar krafta si når det kjem til å beskrive naturen vi gjekk gjennom. Difor blir dette mest eit fotoinnlegg frå turen.

Nokre betraktingar og erfaringar har eg likevel tenkt å dele.

Erfaring nummer 1: For dei av dykk som kunne tenke seg å ta den same turen, Finse - Geiterygghytta - Østerbø - Vassbygdi; hugs å bestille togbillett! Eg hadde ikkje tenkt at dette kom til å by på problem, men då eg var inne på NSB og skulle bestille billett søndag kveld, var det faktisk utsolgt for billettar ... Eg blei likevel råda (via ein chat-funksjon på NSB sine nettsider) til å møte opp til bestemt tid og høyre med konduktøren om vi kunne få plass likevel. Heldigvis gjekk det fint, so vi kom oss til Finse som planlagt! Heldigvis. So erfaring nummer 1 er at det løner seg å planlegge godt og bestille billett!

Erfaring nummer 2: hugs hanskar! Sjølv om vi gjekk turen høgst av sommar, var det kaldt på fingrane. Spesielt frå Finse til Geiterygghytta. Eg har iallfall lært at hanskar høyrer med i den faste grunnutrustninga (GRUen) på tur!

Erfaring nummer 3: Same GRUen bør innehalde sportstape! Heldigvis gjorde vår GRU det, for Jesper trakka over fyrste dagen. Hadde eg ikkje hatt med tapen, er eg redd for at vi ikkje hadde klart å gjennomføre heile turen. I tillegg til sportstape, høyrer sjølvsagt eit godt fyrstehjelpssett med. Med andre ting enn berre slik tape. Men det var tapen som redda oss denne gongen. Det er sjølvsagt veldig greit å vite korleis ein skal tape ei slik skade.

Erfaring nummer 4: Eg tok med meg ein fem-liters dunk med vatn. Det var heilt idiotisk! Det var rennande, friskt fjellvatn uansett kvar vi snudde oss omtrent, so eg bar ekstra tungt heilt unødeg! Den dunken blei sett att på Geiterygghytta ...

So litt over til betraktningar og tips. Aurlandsdalen er ein krevande tur. Det er vanskeleg å sette noko aldersgrense synest eg, men det er viktig at alle som skal gå er i god form. Totalt gjekk vi over 63 kilometer på tre dagar, so det er ikkje for alle og ein kvar. Elles vil eg tilrå sekketransport mellom Geiterygghytta og Østerbø og frå Østerbø til Vassbygdi. Det er kanskje litt luksuriøst å sende sekkar med bil på denne måten, men det lettar veldig på børa, og motivasjonsarbeidet blir lettare. Ein dagstursekk med det høgst naudsynte lyt sjølvsagt vere med, men den blir mykje lettare å bære, og på vår tur slapp borna bæring dei siste to etappane. Det gjorde stor skilnad.

Når det er sagt må eg få lov til å skryte veldig av mine to små! Eg er utruleg imponert over dei båe. Jesper trakka over fyrste dagen, men han beit likevel tenna saman og klarte å gjennomføre heile turen (med godt tapa anklar). Han er den tøffaste guten eg kjenner, og eg blir rørt heilt inn i hjarterota når eg tenker på korleis han kjempa mot smertene den siste kilometeren før Vassbygdi. Og Agnes er Agnes:) Ho dansa og song seg gjennom heile Aurlandsdalen. Ho ligg ofte litt bak Jesper og meg, men då går ho og snakkar med seg sjølv, syng til seg sjølv og andre som måtte vere innan høyrevidde, eller ho ser spanande ting i naturen som korkje Jesper eller eg har sett, og ho har eit humør som er utan sidestykke. Og då vi gjekk dei siste hundre metrane til busstoppet i Vassbygdi, turna ho og slo hjul som om ho ikkje var slita i det heile. Eg har rett og slett verdas beste born!!!

Dette var den siste testturen vi gjorde for DNT. Vi vil nytte høvet til å takke for ei enorm oppleving og er uhyre takksame for at vi fekk lov til å vere med på dette. Takk til alle som har vore med på turar og guida oss og teke godt i mot oss. Takk til alle som har jobba på hyttene vi har overnatta. Ei spesiell takk til Mari og Marius i DNT som vi har hatt mykje med og gjere og som er to fantastiske ambassadørar for DNT og to flotte mennesker! I løpet av 2016 har vi fått sett og gjort mykje vi elles ikkje ville ha gjort. Men vi skal ikkje slutte. Eg kjem til å ta med dei to andre turpotetene på monge flotte turar og opplevingar framover og vi kjem til å halde fram med blogginga. Galdhøpiggen er den fyrste, so følg med!

Reisebrev frå Aurlandsdalen

Dag 1: Finse - Geiterygghytta
Fjelletappe.


















Dag to: Geiterygghytta - Østerbø
Frodege fjellsider





















Dag tre: Østerbø - Vassbygdi
Grøne og vakre dalføre


























2 kommentarer:

  1. Flotte bilder og supre unger!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det, Nina. Eg er godt nøgd med både ungar og bileter:)

      Slett