
Det var like før på for ei stund tilbake, men då var det ting som skjedde som gjorde at vi likevel ikkje kunne gjennomføre det då. Det hadde ikkje vore riktig for korkje hund eller oss. Det var sjølvsagt leit, men det var heilt klart for det beste for alle partar! No har vi atter ein gong kome der at vi har kapasitet og ressursar til å kunne adoptere, so vi er tilbake på leit. Og det er utruleg spanande!!! Vi vil gjerne gjere dette so profesjonelt og ordentleg som mogleg, so vi har vore i kontakt med både FOD-garden (www.fod.no) og Solplassen (www.solplassenhund.org) og der har dei har vore fantastiske og vi har fått veldig gode råd og god hjelp frå båe to. Dei har vore tydelege på at det er viktig at ein finn riktig hund til riktig familie. Kor stor kan ein hund vere i vår familie? Kor masse tur vil den få? Går hunden godt overeins med barn/ungdom? Korleis ter den seg i samvær med andre hundar? Kan hunden vere heime åleine ein arbeidsdag? Det er mange spørsmål som det gjeld å tenke godt gjennom og som ein faktisk må dere heilt ærlege på. Her har både FOD og Solplassen vore fabelaktege! Men; som dei seier båe stader: dette kan ta tid! Det er ikkje like lett å matche riktig hund med riktig familie, og ein kan diverre ikkje ta snarvegar. Dette har sjølvsagt ikkje vore enkelt for oss, utålmodige som vi er alle saman ... Dog er det særs viktig. Totalt har vi nok vore på utkikk i snart to år, av og på. No krysser vi iallfall fingrane og håpar det ordnar seg snart:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar