fredag 31. august 2018

Det sneglar seg framover ...

Image result for dog head silhouette questin mark

Vi fekk ein fabelakteg telefon for nokre dagar sidan.😀 Solplassen har finne ein flott hund for oss og som kanskje fĂ„r adoptere! Den skal pĂ„ papiret vere midt i blinken for oss. Vi er i sjuande himmel og kryssar fingrane for at dette kanskje kan vere Hunden vi har venta pĂ„:) Eg kan diverre ikkje legge ut bilete av den enno, sidan dei som har den ikkje har heilt bestemt seg for at det blir adopsjon. Vi har sjĂžlvsagt fĂ„tt nokre bileter av den, og fy sĂžder; den er heilt ualminnelig sĂžt!😍💖 Heldigvis er familien tydelege pĂ„ at livssituasjonen for dei kjem til Ă„ endre seg so mykje at dei nok ikkje kan tilby det beste til hunden sin, og at det difor mest sannsynleg kjem til Ă„ ende opp med adopsjon.😀

Heldigvis skal vi fÄ ha hunden pÄ besÞk ei heil helg snart, so dÄ fÄr vi iallfall helse pÄ den og bli litt kjent med den. Det er sjÞlvsagt litt kjipt om det etter den helga skulle vise seg at vi likevel ikkje fÄr adoptere den, men slik er det jo med adopsjon. Ein veit jo aldri om ting klaffar for alle partar pÄ same tid ... NÄr det er sagt, er den andre sida av adopsjonsmedaljen at det jo kan vise seg at vi ikkje er riktige for kvarandre, hunden og vi. DÄ er det faktisk veldig fint Ä gjere det pÄ denne mÄten, for det fins ein "angrefrist" som gjer at ein tidleg kan seie frÄ at dette ikkje var riktig. Det er viktig Ä hugse at adopsjon av hund mÄ dreie seg om at ein finn den perfekte matchen mellom hund og familie/adoptÞr, og at ein jobbar med dette i bakhovudet. Men det er klart det er spanande og nesten uuthaldeleg Ä sitte berre Ä vente. Men dette skal vi klare, og den som ventar pÄ noko godt, ventar, forhÄpentlegvis, pÄ noko godt!

So no sit vi jo her dĂ„, med fingrane kryssa, neglebitande, og ventar pĂ„ at dei skal bestemme seg endeleg. Vi kan ikkje gjere anna enn Ă„ hĂ„pe!!! 🙏🙏🙏

mandag 27. august 2018

Hund

PĂ„ dei aller fleste turane vi har vore pĂ„, har vi snakka om at vi alle tre har sakna noko. Spesielt nĂ„r vi ser rundt oss kor mange det er som har med seg ein firbeint turvenn. Det har vi ĂČg lyst til Ă„ ha. So no har vi lenge snakka om Ă„ skaffe oss hund, men det er faktisk ikkje berre Ă„ skaffe seg hund. Iallfall er det viktig for oss at vi veit kor mykje ansvar og jobb det faktisk er med ein hund, og at alle mĂ„ vere med og dele pĂ„ dette. Korkje eg eller mor til Agnes og Jesper har hatt hund fĂžr, so vi er ikkje akkurat det vi kan kalle erfarne. Det er sjĂžlvsagt sikkert veldig koseleg Ă„ fĂ„ ein kvalp; dei er jo so ufatteleg sĂžte! Likevel har vi landa pĂ„ at vi vil adoptere ein hund. DĂ„ fĂ„r vi ein som er over kvalpestadiet, vi fĂ„r ein som vi er litt tryggare pĂ„ gemyttet til (vi vil iallfall vite korleis den har vore so lenge den har levd), og vi hjelp faktisk bĂ„de hund og tidlegare eigar. Dette siste har faktisk vore ein viktig del av beslutningsprosessen vĂ„r. Alt i alt har vi kome til at vi vil adoptere ein hund:)

Image result for hunder

Det var like fÞr pÄ for ei stund tilbake, men dÄ var det ting som skjedde som gjorde at vi likevel ikkje kunne gjennomfÞre det dÄ. Det hadde ikkje vore riktig for korkje hund eller oss. Det var sjÞlvsagt leit, men det var heilt klart for det beste for alle partar! No har vi atter ein gong kome der at vi har kapasitet og ressursar til Ä kunne adoptere, so vi er tilbake pÄ leit. Og det er utruleg spanande!!! Vi vil gjerne gjere dette so profesjonelt og ordentleg som mogleg, so vi har vore i kontakt med bÄde FOD-garden (www.fod.no) og Solplassen (www.solplassenhund.org) og der har dei har vore fantastiske og vi har fÄtt veldig gode rÄd og god hjelp frÄ bÄe to. Dei har vore tydelege pÄ at det er viktig at ein finn riktig hund til riktig familie. Kor stor kan ein hund vere i vÄr familie? Kor masse tur vil den fÄ? GÄr hunden godt overeins med barn/ungdom? Korleis ter den seg i samvÊr med andre hundar? Kan hunden vere heime Äleine ein arbeidsdag? Det er mange spÞrsmÄl som det gjeld Ä tenke godt gjennom og som ein faktisk mÄ dere heilt Êrlege pÄ. Her har bÄde FOD og Solplassen vore fabelaktege! Men; som dei seier bÄe stader: dette kan ta tid! Det er ikkje like lett Ä matche riktig hund med riktig familie, og ein kan diverre ikkje ta snarvegar. Dette har sjÞlvsagt ikkje vore enkelt for oss, utÄlmodige som vi er alle saman ... Dog er det sÊrs viktig. Totalt har vi nok vore pÄ utkikk i snart to Är, av og pÄ. No krysser vi iallfall fingrane og hÄpar det ordnar seg snart:)

tirsdag 6. september 2016

Kuling i kasta (minst!)

Etter at vi gjekk Besseggen og Gaustatoppen tidlegare i Är, var det eit unisont Þnske frÄ bÄde Agnes og Jesper at vi skulle kome oss opp pÄ dei hÞgaste toppane i Noreg. Eg var sjÞlvsagt ikkje vanskeleg Ä be, so her var det berre Ä smi medan jarnet var varmt. Fyrstevalget var for so vidt enkelt; vi gjekk for den hÞgaste. GaldhÞpiggen! 2469 m.o.h. Atter ein gong fekk vi med oss fetter Emrik og onkel Kjetil, eit strÄlande turfÞlge vi hadde ein fin tur til Gaustatoppen med.

Vi starta planlegginga allereie fyrste dag etter at vi kom frÄ Gaustatoppen. Etter litt googling og undersÞking, fann vi ut at vi ville gÄ den minst krevande lÞypa; frÄ Juvasshytta og over Styggebreen. Dette er ein meir familievenleg tur enn om vi skulle gÄtt frÄ Spiterstulen. I tillegg gÄr turen over ein isbre, og det hadde vi ikkje prÞvd fÞr. Difor var valget enkelt i valg av trasé. SjÞlv om turen blei bestemt og booka allereie i juli, var det fullt pÄ Juvasshytta, so vi mÄtte lenger ned i dalen for Ä fÄ overnatting. Valget falt pÄ BÞverdalen Vandreheim. Det er ein liten halvtime Ä kÞyre til Juvasshytta der dei har guida turar, men det var eit heilt OK valg. For dei som vurderar Ä tinge pÄ same stad, vil eg anbefale Ä bestille bÄde frukost og middag i fÞrekant. Vi mÄtte kÞyre til Lom for Ä fÄ middag laurdags kveld sidan vi ikkje hadde sagt i frÄ om at vi ville ha middag. Dei kjÞper inn berre akkurat nok til dei som forhÄndsbestiller. Dette er jo i og for seg er eit miljÞvenleg og godt tiltak, berre litt dumt vi ikkje var klar over det fÞr vi reiste ...

Laurdag var den store dagen. Det er alltid litt nervÞst i timane fÞr avmarsj, og Agnes sa at ho grua seg litt. Det er klart at det hÞyrest skummelt og bratt ut Ä skulle gÄ opp pÄ toppen av det hÞgaste fjellet i Noreg. Ikkje berre Noreg, forresten; det er det hÞgaste fjellet i Nord Europa! Heldigvis gÄr denne nervÞsiteten fort over nÄr vi fyrst er i gong. Vel framme pÄ Juvasshytta, var det tjukt av andre som ville bestige fjellet. Dette er faktisk den fyrste gongen Turpotetene virkeleg har fÄtt oppleve kva ein meinar med Ä gÄ i kÞ pÄ fjellet. Om eg seier at det var 400 stykk som skulle opp og ned denne laurdagen, trur eg faktisk at eg held litt att. Heldigvis er det plass til alle, sjÞlv om det til tider er litt trangt.

Etter ein kort transportetappe, kom vi til kanten av Styggebreen. Det var lettare skodde og sikta var ikkje all verden, men likevel god nok til at vi sÄg eit par taulag som gjekk over breen. Jesper fekk stjerner i augene og meinte at dette kom til Ä bli det kulaste han hadde gjort. Nokon sinne! Eg kan ikkje anna enn Ä dele begeistringa hans, og innrÞm lett at eg fekk litt kjensle av Ä vere i ein av desse filmane frÄ Himalaya dÄ eg sÄg utover breen og skimta taulagene i det fjerne. NÄr eg fyrst er Êrleg; eg mÄ seie at ein far blir jo litt nervÞs for borna sine nÄr Thomas, brefÞraren, kunne fortelle at det hadde gÄtt eit par stykker i bresprekker dei sista dagane ... Men om vi gjorde som han sa og fulgte eit par enkle reglar, skulle nok dette gÄ bra! Aiabaia! Her gjaldt det Ä fÞlge godt med!

VĂȘret var relativt variabelt. Det snĂždde, skodda lĂ„g tjukk, det var antydningar til blĂ„ himmel, det blĂ„ste med (etter godt kvalifisert vestlandsanslag) kuling i kastene, sola skein, regnbogane var framme. Rett og slett utruleg mykje vĂȘr, kan du seie! Men heldigvis var vi godt kledd og hadde med ekstra skift i sekken om det skulle knipe om. Heldigvis klarte vi oss utan Ă„ fryse. Vi var egentleg mest utsatt for frysing dĂ„ vi sto og venta pĂ„ Ă„ fĂ„ gĂ„ opp ryggen, men eit lag med ull, fleecejakke og ei god og vindtett ytterjakke og ditto bukse gjer susen.

DĂ„ vi endeleg kom oss over traversen og det berre var den siste kneika opp til toppen att, var det so bratt at vi blei gode og varme av det. Heldigvis utan at vi lĂžyste svetten og blei vĂ„te av det. DĂ„ hadde vi mĂ„tte gjere som fleire gjorde; dei tok av seg svett ulltĂžy og skifta til tĂžrt. Det bles friskt pĂ„ toppen, og dei ca. 20 minuttene vi hadde der kunne blitt veldig kalde om vi ikkje var tĂžrre. Heldigvis var vi tĂžrre og gode, og fann vi ein fin plass i le slik at vi kunne ete lĂžnsjen vĂ„r utan at det skulle blĂ„se rett gjennom oss. Å kome seg inn i hytta der oppe, kunne vi iallfall berre glĂžyme. Eller for Ă„ seie det slik; vi gadd ikkje stĂ„ i kĂž for Ă„ kome inn berre for Ă„ snu og gĂ„ ut for Ă„ sleppe inn andre ...

SjÞlv om eg var nervÞs for borna pÄ veg over breen, var det ingen ting mot nedstiginga. I og med at det var so mange som hadde gÄtt opp og ned den dagen, var snÞen blitt polert sÄpeglatt og det var vanskeleg Ä fote seg godt. Det var fleire som sklei og ramla, og det kunne nok sikkert gÄtt mykje verre. Heldigvis var brefÞrarane frÄ Juvasshytta der og hjalp til. Alle kom seg ned i eit stykke, og turen tilbake over breen og ned til hytta gjekk utan problem.

SjÞlve turen er ikkje lenger enn ein stad mellom 6 og 9 km, men pga antalet turgÄarar og sidan vi skulle gÄ over breen med brefÞrar, tek det litt tid. Eg trur vi klokka inn pÄ 6, 6 1/2 time. Turen er ikkje spesielt slitsom, og eg trur dei fleste familiar kunne klart dette. Iallfall dei som har born i skulealder.

Eg har atter ein gong prĂžvd Ă„ bruke fotografiapparatet til Ă„ prĂžve Ă„ skildre korleis turen var for oss.


Spent fĂžr avgang.

Sjekk av utstyr er viktig fÞr ein gÄr!

Posering ved start.

Karrig landskap.

Folksamt til topps.

Dagens fyrste snĂž.

Fortropp.

Ein liten pust i bakken.

Det er alltid viktig Ă„ drikke godt.

Den lokale brefÞraren, Thomas, gÄr gjennom sikkerhetsreglar.

Long, long rekke over Styggebreen.

Ei lita bresprekk.

KĂž over Styggebreen.

Jesper har pakka seg godt inn!

Taulag pÄ veg tilbake over breen.

KĂž opp langs eggen.

Godt humĂžr over traversen.

Trolsk stemning i skoddehavet.

Bak i skodda der ligg GaldhĂžpiggen.

Slitsomt i den siste bratte kneika opp til toppen!

Toppen skrid ut frÄ skodda!

Vi klarte det! GaldhĂžpiggen er bestigen!

Vinteren slepp ikkje taket so hĂžgt oppe!

Vi ga opp Ä gÄ inn pÄ hytta. Like fint ute!

Utsikt over ryggen mot Styggebreen.

Det bles friskt, med minst kuling i kasta (trur vi).

Den blÄ himmelen titta fram til slutt.

tirsdag 9. august 2016

Vilt og vakkert

Forrige veke gjekk Turpotetene Aurlandsdalen. For ein tur! Vill og vakker natur heile vegen. Det er mest so ein mistar pusten, og ein blir liten blant majestetiske fjell. Eg hadde tenkt eg skulle skrive eit feiande flott blogginnlegg, men ord blir fattige og mistar krafta si nĂ„r det kjem til Ă„ beskrive naturen vi gjekk gjennom. Difor blir dette mest eit fotoinnlegg frĂ„ turen.

Nokre betraktingar og erfaringar har eg likevel tenkt Ă„ dele.

Erfaring nummer 1: For dei av dykk som kunne tenke seg Ä ta den same turen, Finse - Geiterygghytta - ØsterbÞ - Vassbygdi; hugs Ä bestille togbillett! Eg hadde ikkje tenkt at dette kom til Ä by pÄ problem, men dÄ eg var inne pÄ NSB og skulle bestille billett sÞndag kveld, var det faktisk utsolgt for billettar ... Eg blei likevel rÄda (via ein chat-funksjon pÄ NSB sine nettsider) til Ä mÞte opp til bestemt tid og hÞyre med konduktÞren om vi kunne fÄ plass likevel. Heldigvis gjekk det fint, so vi kom oss til Finse som planlagt! Heldigvis. So erfaring nummer 1 er at det lÞner seg Ä planlegge godt og bestille billett!

Erfaring nummer 2: hugs hanskar! SjÞlv om vi gjekk turen hÞgst av sommar, var det kaldt pÄ fingrane. Spesielt frÄ Finse til Geiterygghytta. Eg har iallfall lÊrt at hanskar hÞyrer med i den faste grunnutrustninga (GRUen) pÄ tur!

Erfaring nummer 3: Same GRUen bÞr innehalde sportstape! Heldigvis gjorde vÄr GRU det, for Jesper trakka over fyrste dagen. Hadde eg ikkje hatt med tapen, er eg redd for at vi ikkje hadde klart Ä gjennomfÞre heile turen. I tillegg til sportstape, hÞyrer sjÞlvsagt eit godt fyrstehjelpssett med. Med andre ting enn berre slik tape. Men det var tapen som redda oss denne gongen. Det er sjÞlvsagt veldig greit Ä vite korleis ein skal tape ei slik skade.

Erfaring nummer 4: Eg tok med meg ein fem-liters dunk med vatn. Det var heilt idiotisk! Det var rennande, friskt fjellvatn uansett kvar vi snudde oss omtrent, so eg bar ekstra tungt heilt unÞdeg! Den dunken blei sett att pÄ Geiterygghytta ...

So litt over til betraktningar og tips. Aurlandsdalen er ein krevande tur. Det er vanskeleg Ä sette noko aldersgrense synest eg, men det er viktig at alle som skal gÄ er i god form. Totalt gjekk vi over 63 kilometer pÄ tre dagar, so det er ikkje for alle og ein kvar. Elles vil eg tilrÄ sekketransport mellom Geiterygghytta og ØsterbÞ og frÄ ØsterbÞ til Vassbygdi. Det er kanskje litt luksuriÞst Ä sende sekkar med bil pÄ denne mÄten, men det lettar veldig pÄ bÞra, og motivasjonsarbeidet blir lettare. Ein dagstursekk med det hÞgst naudsynte lyt sjÞlvsagt vere med, men den blir mykje lettare Ä bÊre, og pÄ vÄr tur slapp borna bÊring dei siste to etappane. Det gjorde stor skilnad.

NÄr det er sagt mÄ eg fÄ lov til Ä skryte veldig av mine to smÄ! Eg er utruleg imponert over dei bÄe. Jesper trakka over fyrste dagen, men han beit likevel tenna saman og klarte Ä gjennomfÞre heile turen (med godt tapa anklar). Han er den tÞffaste guten eg kjenner, og eg blir rÞrt heilt inn i hjarterota nÄr eg tenker pÄ korleis han kjempa mot smertene den siste kilometeren fÞr Vassbygdi. Og Agnes er Agnes:) Ho dansa og song seg gjennom heile Aurlandsdalen. Ho ligg ofte litt bak Jesper og meg, men dÄ gÄr ho og snakkar med seg sjÞlv, syng til seg sjÞlv og andre som mÄtte vere innan hÞyrevidde, eller ho ser spanande ting i naturen som korkje Jesper eller eg har sett, og ho har eit humÞr som er utan sidestykke. Og dÄ vi gjekk dei siste hundre metrane til busstoppet i Vassbygdi, turna ho og slo hjul som om ho ikkje var slita i det heile. Eg har rett og slett verdas beste born!!!

Dette var den siste testturen vi gjorde for DNT. Vi vil nytte hÞvet til Ä takke for ei enorm oppleving og er uhyre takksame for at vi fekk lov til Ä vere med pÄ dette. Takk til alle som har vore med pÄ turar og guida oss og teke godt i mot oss. Takk til alle som har jobba pÄ hyttene vi har overnatta. Ei spesiell takk til Mari og Marius i DNT som vi har hatt mykje med og gjere og som er to fantastiske ambassadÞrar for DNT og to flotte mennesker! I lÞpet av 2016 har vi fÄtt sett og gjort mykje vi elles ikkje ville ha gjort. Men vi skal ikkje slutte. Eg kjem til Ä ta med dei to andre turpotetene pÄ monge flotte turar og opplevingar framover og vi kjem til Ä halde fram med blogginga. GaldhÞpiggen er den fyrste, so fÞlg med!

Reisebrev frÄ Aurlandsdalen

Dag 1: Finse - Geiterygghytta
Fjelletappe.


















Dag to: Geiterygghytta - ØsterbÞ
Frodege fjellsider





















Dag tre: ØsterbÞ - Vassbygdi
GrĂžne og vakre dalfĂžre