tirsdag 29. mars 2016

Påska på Liomseter

Påska på fjellet er utruleg flott, og fire dagar på Liomseter med aktivitetsleiarar frå DNT var eit strålande opplegg!

Liomseter ligg nydeleg til midt i nasjonalparken Langsua. Vinterstid kan ein ikkje køyre heilt inn til hytta, men lyt parkere på parkeringsplassen ved Synstgardseter. Frå parkeringsplassen og inn til hytta er det ein fin skitur på ein stad mellom 14 og 15 km. Vi kunne ha valgt å bli køyrt inn på snøscooter, men vi ville prøve oss på ski. Agnes, som er yngst, er snart 10, so dette skulle vi nok få til.

Etter at det var bestemt at vi skulle på Liomseter, var det berre begynne å forberede seg og sørge for at vi pakka alt vi trengte. Pakking er diverre ikkje det eg er best på, men vi klarte oss heldigvis fint med det eg tok med. Eit ekstra sett med ullundertøy, godt med ullsokkar, undertøy og toalettsaker var det viktigaste. I etterkant ser eg at eg ikkje skulle ha gløymt termos og eit lite fyrstehjelpsskrin, men heldigvis fekk vi låne termos på hytta, og det blei heldigvis ikkje behov for fyrsthjelpsskrinet. Eg fekk eit lite gnagsår, men det kunne eg leve med. Den ekstra ullgensaren eg hadde pakka til kvar enkelt fekk vi faktisk òg behov for. Det gjorde godt å få på den då vi hadde lønsj på fjellet. Sjølvsagt lyt ein hugse å få med seg skismurning. Dette fekk vi smerteleg erfare etter at vi måtte stoppe og smøre om etter berre eit par hundre meter. Heldigvis hadde eg det lett tilgjengeleg i sekken!

Endeleg på veg. Men litt dårleg gli.

Dårleg gli førte til at vi måtte smøre på nytt etter kort tid ...

Eg var veldig spent på korleis turen inn til hytta skulle gå. Mest for eigen del, sidan det er både år og dag sidan sist eg hadde gått på langrennski. Agnes og Jesper har trass alt vore ein del på ski med klassene sine, so eg var lite bekymra for dei. Sjølv om dei nok ikkje har gått so longt i eit strekk før. Eg var vel forberedt med kvikklunsj og litt anna snadder. To flasker solo var òg i sekken. Heldigvis var det fint skivêr heile vegen, og terrenget var ikkje spesielt utfordrande. Det einaste vi snakka om kunne vore annerleis på veg inn, var at det hadde vore veldig fint med skilt som sa kor longt det var att. Dei einaste gongane vi visste kor longt vi var komne, var etter ca 4 km der det sto kor longt det var tilbake til Synstgardseter, og då det var ein kilometer att til Liomseter. Det hadde vore enklare å motivere både seg sjølv og borna om eg hadde visst kor longt det var att fram til hytta. Når det er sagt; gleda over å sjå skiltet med "Liomseter 1 km" var ubeskriveleg. Det gav ekstra kraft i sletne armar og bein.

 Berre 10 km att til Liomseter

 Ut på tur, aldri sur!

 Det er slett ikkje verst på vidda!

 Agnes i fint driv opp ein av dei mange snille bakkane.

 Jesper i front, og Agnes og meg i baktroppen. Som normalt, der altso :)

 Jesper ventar på Agnes og pappa.

Kvifor reise ut av landet for å feriere når ein kan få dette heime?

Deileg med ein pust i bakken og sjokolade i munnen!

Den skumlaste bakken på heile turen var faktisk dei siste metrane ned til hytta. Skjelvande og sletne bein gjorde bakken ekstra vanskeleg og vi tryna meir på desse siste metrane enn vi hadde gjort heile resten av turen til saman. Agnes gjorde til slutt det einaste rette og tok av seg skiene og gjekk den siste biten på beina. Jesper og eg ville tøffa oss og rente ned på skiene. Og ramla fleire gongar. Men til slutt var vi endeleg på Liomseter!

Det var bratt ned til hytta.

Endeleg framme!

Liomseter har sengeplassar til 44 stk. og det skulle vere fullt, so vi håpa det skulle vere fleire born der. DNT hadde i tillegg to aktivitetsleiarar som skulle fylle dagane med aktivitetar og leik. Vi har aldri vore med på eit slikt opplegg før, so vi var spente på korleis desse dagane skulle bli. Heldigvis var opplegget godt og ungar er ungar so dei fekk gode vener allereie fyrste kvelden. I tillegg var det tilfeldigvis eit par ungar der Agnes og Jesper kjente litt frå før. Eit lite tips til DNT: det kan vere bra om båe aktivitetsleirarane er flinke med born. Den eine på Liomseter såg ikkje ut til å vere spesielt glad i å jobbe med born ... Når det er sagt, naturstien og hinderløypa Påskeafta var en suksess og det såg ut til at alle borna koste seg med desse to aktivitetane. Det er sjølvsagt ikkje lett å lage til noko slikt som skal passe for born frå 3 til 13 år, men det hadde Ingvild og Anne Britt fått godt til.

 Naturstien engasjerte!

 Natursti med spørsmål frå naturen.

 Chiara og Jesper var hhv nummer 1 og nummer 2 i  mål.

Agnes kom seg gjennom målporten.

Aktivitetane var delt opp slik at etter ein fellesdel, gjekk dei største borna på ein litt lenger tur medan dei yngste koste seg på ein kort tur med leikar. Agnes og Jesper var med dei største borna på tur, og Langfredag gjekk vi tur til eit par toppar der vi hadde god utsikt til fjellheimen. Heldigvis var ikkje nivået for vanskeleg for nokon og alle kom seg til topps utan store problemer. Aktivititetsleiar Ingvild hadde mykje kunnskap om området og peikte og fortalte villeg kva vi kunne sjå rundt oss. Det gjer det ekstra moro når vi faktisk kan lære litt i tillegg.

 Jesper og Alexander var stålande fornøgde med å kome til topps!

Turistforeninga hadde vore der før oss ...
Ingvild peikar og forklarar.


Hytta var lun og koseleg so det gjekk veldig godt an å sitte inne og kose seg med spel eller ei god bok når ein var komen frå tur. Det var korkje telefondekning eller TV på hytta, og det gjorde at en måtte aktivisere seg sjølv, eller med god hjelp frå aktivitetsleiarane. Kvar dag kl. 1800 var det eventyrstund for dei minste i peisestova, og det var ei fin stund for å roe seg ned før middag, som kvar dag vart servert kl. 1830. Det såg ut til at dei minste koste seg. Dei litt eldre borna spelte kort og andre spel, med god hjelp frå spesielt Ingvild. Eg lyt få lov til å skryte litt av Ingvild. Ho var høgt og lavt med dei minste; teikning, høgtlesing, speling med og utan reglar. Og dei eldste fekk gleda av å ha henne med på alt frå Scrabble, Idiot, Bezzerwisser og ulike quizar heilt til alle gjekk til sengs. Eg trur det er kudos det heiter. Ingvild er eit funn for DNT!

 Kortspel etter middag.

 Jesper rakk å lese ut ei bok medan vi var der, og nyttar her tid før middag til litt lesing.

Scrabble rundt bordet etter ein fin skitur.

Vertane på Liomseter hadde virkeleg lagt opp til at vi ikkje skulle svelte medan vi var der. Kvar dag var det tre-rettars til middag, der dei fleste råvarene (om ikkje alle) var frå lokale leverandørar og gardar. Suppe, foccacia, grilla laks, medisterkaker (som skulle ha vore kjøtkaker, men kjøtkakene hadde på mystisk påskekrimvis forsvunne), lammesteik, iskrem, tilslørte bondepiker og panna cotta. Og porsjonane var store og gode, so det var ingen som gjekk svoltne frå bordet. Til frokost var det heimelaga brød kvar dag, og vi kunne smøre gode matpakkar til å ta med på tur. Alt i alt sto ikkje maten tilbake frå noko hotell eg har vore på!

Dette er den fyrste ordentlege fjellpåska vi har hatt saman, og det var ei fantastisk oppleving. Kombinasjonen av å vere på fjellet utan korkje dekning eller noko form for kontakt med verda utanfor, og å vere oss tre saman med andre meir eller mindre ukjende, var heilt magisk. Eg forstår at det er populært å reise til fjells i påska. Vi hadde nok hatt det flott saman berre vi tre òg, men eg må seie at det at det var fleire familiar og born til stade satte ein heilt perfekt prikk over i'en. Dette har skapt fantastiske minner og vi kjem heilt sikkert til å gjere dette fleire påsker!

Turen tilbake var i snøføyka, men flott!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar