tirsdag 8. mars 2016

Klatredag

Klatring utfordrar både store og små. Vi prøvde oss i veggane på Klatreverket.


No er det faktisk over ei veke sidan vi var med på Klatredag på Klatreverket. Det har rett og slett vore mykje som har skjedd sidan so vi har ikje fått lagt ut noko før no ... Nuvel. Dette var ein "tur" i regi av DNT Oslo og Omegn og Barnas Turlag Oslo og Omegn. Det er kanskje ikkje so kjent at dei ulike lokallagene av DNT arrangerar slike aktivitetar, sidan eg trur nok dei aller fleste assosierar DNT meir med turar til betjente eller ubetjente hytter på fjellet. Difor kan det faktisk vere lurt å sjekke nettsidene til di lokale turforening om dei tilbyr liknande aktivitetar. Om det er DNT eller noko anna turlag er nok ikkje det viktigaste. Det eg likar med slikt er at det er ferdig planlagt og arrangert slik at det er berre for oss å møte opp:)

Vi har møtt opp og alt er klart!

Klatring er god trening både fysisk og psykisk. For alle som har klatra før, det vere seg i tre, i fjellvegg eller inne i klatrevegg slik vi gjorde det, har kjent det i fingrar, underarmar og overkroppen generelt. Klatring tek i bruk musklar vi mindre klatreaktive ikkje er so kjende med, og det er uhyre slitsamt. Spesielt i dagane etter klatringa ... Snakk om gangsperre og støle musklar! Når det gjeld det psykiske, meinar eg at ein av dei fine tingene med klatring saman med andre er at ein har nokon som sikrar seg slik at ein kan pushe seg til å prøve å klatre litt høgare enn ein kanksje synest er komfortabelt. Ein kan presse seg litt mentalt for å prøve å utfordre seg sjølv. Ein veit jo at om ein skulle ramle, vil alltid den som står nede og sikrar deg sørge for at du ikkje dett ned. Då vi var i klatreveggen, var eg sikring for Agnes og Jesper, og eg pressa dei eit par tak høgare opp etter at dei sa at dei ikkje ville lenger opp. Eg stoppa sjølvsagt etter det. Litt press er bra, å presse dei slik at dei mister lysta er ikkje so bra. Eg synest ikkje slike utfordringar treng vere større enn nødvendig. Det viktigaste er at dei ser at dei faktisk klarer litt til etter at dei egentleg hadde tenkt å gje seg.

Agnes i veggen. Eg sikrar.

Jesper i veggen. Eg sikrar framleis.

Som sagt var klatredagen vi deltok på i regi av DNT i samarbeid med Klatreverket. Klatreverket stilte med gode instruktørar som synte oss korleis vi skulle feste tauet, korleis vi skulle ta på oss selane, og korleis den beste klatreteknikken var. Sjølvsagt fekk vi vaksne opplæring i sikring òg. Utstyr fekk vi låne der.

Instruksjon.

Utlevering av låneutstyr.

Om eg skulle sette fingeren på noko eg kunne tenke meg var litt annerleis, måtte det vere at det hadde vore fint om dei vaksne fekk prøve seg ein tur i veggen òg! Joda, eg veit at dette var mest for dei små, men likevel. Når det er sagt må eg seie at klatring er ei strålande familieaktivitet. Kidsa klatrar medan foreldra står nede og sikrar. Dette er samarbeid og tillitsbyggande for alle partar. Alt i alt anbefalar Turpotetene alle som har lyst til å prøve noko nytt (alle som har klatra før òg, sjølvsag) å ta turen til næraste klatresenter. Det fine med innandørsklatring er jo at dette kan ein faktisk drive med heile året, om det regnar eller bles! Tomlar opp og høge terningkast frå oss!

Høge terningkast og store smil!


Agnes i aksjon opp ein vegg.

Jesper prøver fyrste tur i veggen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar