søndag 10. januar 2016

Årets fyrste tur

I november 2015 søkte Den Norske Turistforening etter testfamiliar som skulle teste tilbodet dei har til familiar. Dette måtte jo vere noko for oss tre, so vi sendte inn ein video av oss og nokre få enkle ord om kven vi var og kvifor vi burde bli valgt. Vi hadde vel ikkje store håp om å høyre noko meir frå dei, men fredag 18. desember fekk eg ein telefon frå DNT. Dei hadde valgt oss! Det var utruleg moro. No skulle vi få lov til å reise mykje på tur og samtidig hjelpe DNT med å teste tilbodet deira, og forhåpentlegvis hjelpe dei med forbetringar.

I dag, 10, januar 2016, hadde vi besøk frå tre representantar frå DNT for ein hyggeleg samtale heime i stova, før vi tok turen ut i snøkava og gjekk på beina inn til den nye (i DNT samanheng) hytta, Dølerud. Ein skulle kanskje tru at det kom til å bli tungt å gå i snøen, men i dag var den so lett og fin, og det var nesten som om vi gjekk i sand. No er det ikkje den lengste turen heller, ca. 3 km frå parkeringsplassen bak Grønmo avfallsstasjon, men vi tenkte at det kunne vere ein fin tur å starte året med.



På turen både inn til og ut frå hytta, stilte representantane frå DNT spørsmål om laust og fast. Om alt frå vår turerfaring til korleis det er å gå på tur med born, og kva slags turdraumar og -mål vi har. Det fekk meg til å tenke. Kva for draumar har vi? Kvifor går vi på tur? Vi kom vel fram til at vi ikkje har dei store draumane. Vi er meir opptatt av at vi faktisk kjem oss ut på tur og får tilbringe tid saman utan internett og iPadar. Når det er sagt, hadde det sjølvsagt vore supert å reise til Finnmarksvidda eller å bestige Galdhøpiggen, men det er viktig å ikkje gape for høgt ...



Dei spurte oss óg om vi hadde nokre gode råd til andre familiar som vil kome seg meir ut på tur. No er vi nok ikkje det som kan kallast drevne turgåarar, og det kjentes nok litt rart å skulle kome med råd, men eg veit no iallfall kva som har hjelpt oss. Frå eiga erfaring trur eg nok det viktigaste er å faktisk kome seg ut. Opp frå sofaen og ut i naturen! Det er egentleg ikkje so vanskeleg om man berre bestemmer seg. Som ein god nummer to på lista er det at man ikkje treng å starte med dei lengste og mest avanserte turane. Det held i massevis med ein time eller to utanfor huset. Utover dette trur eg at utstyret faktisk har litt å seie. Eg seier ikkje at ein må kjøpe det aller dyraste og nyaste, men eg hevdar likevel at det er viktig med gode sko og kle som held deg og ikkje minst borna tørre og varme. Våte og kalde ungar (eller vaksne, for den saks skuld) har det ikkje bra på tur. Og det blir nok vanskeleg å få med seg desse på tur neste gong!

Turglede er eit viktig stikkord. Ta med noko godt å bite i, og sørg for å få med nok drikke. Ein Kvikk Lunsj kan snu ein litt tverr og lei turgåar i alle aldrar. Turgleda bør vere i høgsetet. For meg er det viktig at eg og borna mine skaper gode minner og får gode opplevelsar, og då er det viktig at vi er like klare for tur alle tre. Tvang og press får oss nok både fram og tilbake der og då, men det kan øydelegge meir for den longsiktege turgleda. Husk: det er faktisk inga skam å snu! Det er betre å snu og gå heim om ein legg merke til at stemninga er dalande!

Eg har tenkt å nytte høvet dette året til å skrive ein turblogg med bileter og tankar frå turane våre. Det blir nok litt tekst om sjølve turane óg, i håp om at andre kan dra nytte av våre erfaringar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar