søndag 24. januar 2016

Båltur i Ekebergskogen

Som eg har sagt før treng ein ikkje gå spesielt langt for å få ein fin tur ut. I dag kledde vi på oss og gjekk ut døra, kryssa vegen og vips var vi inne i Ekebergskogen. Vi kan ikkje ha gått lenger enn maks ein kilometer før vi bestemte oss for at vi var komne fram. Det var tåkete og ikkje noko god sikt, men det blir ei fabelakteg trolsk stemning i skogen i slikt vêr. Det blir heller ikkje like kaldt når tåka legg seg. Det var nok berre ei minusgrad eller to, og det er jo særs leveleg!

I natt har vi hatt Max, ein kamerat av borna på overnatting, men det er jo sjølvsagt ikkje noko hinder for å kome seg ut på tur. Hugs berre på å be gjesten pakke med utetøy. Når turen heller ikkje er lenger enn «rett bak huset» treng ein  heller ikkje stresse for å kome seg ut tidleg, skunde seg til destinasjonen for å kaste i seg eit par pølser før ein halsar heim att. Vi hadde god tid, og gjekk nok ikkje ut døra før kl. var 11:00. I dag tenkte eg at det var borna som sulle få bestemme kvar vi skulle gjere opp bålet, med den einaste føringa at det ikkje kunne vere midt på ein av turvegane i Ekebergskogen ...

Rådslaging om kvar vegen går vidare!

Inne blant treene langs turvegen såg dei brått den perfekte bålplassen. To tre hadde gått overende rett ved sidan av kvarandre, og dei laga ei naturleg skjerming mellom seg for eit bål. Det ekstra fine var at det eine treet låg slik at det var ypparleg å sette seg på når vi skulle ete. Agnes, Jesper og Max fekk i oppdrag å spikke grillpinnar, og fekk med seg den vesle turøksa mi samt eit par knivar. Medan dei jobba med grillpinnane, starta eg på bålet. Eg pakka ut tørr ved (!) og litt opptenningshjelp i form av opptenningsfyrstikker, treull og tynne fliser eg hadde spikka av ein vedkubbe før vi gjekk ut (Eg hadde turen til Dølerud friskt i minne; eg kunne ikkje gå på same smellen to gongar på rad!). Eg la alt saman på ei avis og stabla veden fint på toppen. Det gjekk heldigvis som ein draum og om ikkje lenge var det fin fyr på bålet og eg kunne finne fram pølser og lomper. Eit godt tips er å kjøpe dei små turflaksene med ketchup og sennep. Eg hadde til og med tatt med ein pakke med sprøsteikt løk i sekken. Når turen ikkje er lenger gjer det ikkje noko om sekken er litt tung på veg inn; her er det berre å fylle opp sekken. Veden er det som veg mest, men den brenn jo opp so sekken blir mykje lettare på heimturen:)

Det gjekk fint å få fyr på bålet i dag!

Mat smakar ekstra godt ute!

Tunga beint i munnen slik at ein ikkje mistar pølsa ...

Det er fort gjort å gløyme å ta med drikke. Ein ting er varm sjokolade, det er jo so logisk og seier seg sjølv når ein skal ut på tur i snøen, men ein blir tyrst av å vere ute sjølv om det er kaldt. Når ein tillegg grillar pølser blir ein ikkje noko mindre tyrst og då er det ikkje godt nok med varm sjokolade. Då treng ein noko kaldt å drikke! Heldigvis kom eg på vatn rett før vi gjekk, so Jesper sørga for at vi hadde to flasker eg hengte i karabinkrokar på sekken. Når det er sagt, var det nok likevel den varme drikka som var mest populær og skapte høgast jubel.

Varm sjokolade er ein sikker vinnar!

Målet for turen i dag var å lage bål og grille pølser, so då det var gjort, var det berre å grave ned bålet, pakke med seg søppelet, og vende nasa heimover. Dette er ein tur som ikkje krev særleg planlegging eller innsats. Ein treng heller ikkje vere topptrent for å klare å gå ein slik tur. Kven som helst klarer dette. Ikkje legg lista for høgt, men tenk heller at ein skal ha eit par timar med kos saman utan stress og utan mas. Når maten er eten og kakaoen drukken, er det berre å gå heim. Målet er å tilbringe tid saman ute. Det blir jo alltid tid til litt leik på vegen heim òg.

Fyrste mann til ...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar