søndag 17. januar 2016

Leik

Ein av dei tingene eg set utmåteleg stor pris på ved å vere på tur i naturen med borna mine, er leiken. Eg blei av ein tidlegare sjef beskriven som tvers gjennom eit homo ludens; det leikande mennesket. Noko betre og hjartevarmande kompliment kunne eg aldri fått. Det har aldri vore eit mål i seg sjølv, og eg har vel aldri sett heilt poenget med, å skulle bli vaksen. Eg er rett og slett livredd for at leiken skal forsvinne i livet mitt. Dette betyr sjølvsagt ikkje at eg useriøs og uansvarleg i alt eg gjer. På jobb er eg (stort sett) dønn seriøs, og farsrolla krev sjølvsagt at eg tek det ansvaret eg har for at ungane har det bra og er trygge på alvor! Men eg er heilt sikker på at kan eg få til dette utan at det skal gå utover leiken.

Når vi er på tur, blir eg like imponert og glad over alt det desse to fantastiske borna kan sjå. Ei lita tue femti meter frå oss kan fort bli både harar og troll det er verdt å stoppe opp for å ta ein nærare kikk på. Då er det verdt å bruke den ekstra tida det tek og legge seg ned og snike seg innpå for å finne ut kva det faktisk er. So longt har det vore korkje harar eller troll, diverre. Men tida fram til vi fann ut akkurat det, var full av tankar og fantasiar om kva det kunne vere, og det er verdt like mykje som om det var noko meir enn ei tue ...

Det er óg fint å oppleve at ein halv meter long pinne kan bli til ein god time intens konkurranse og leik om kven som kan kaste den lengst. Vi vaksne er altfor flinke til å tru at borna vore ikkje klarer å finne på noko moro leik sjølv, eller at dei ikkje klarer å fri seg frå datamaskina og spel med mykje action. På ein telttur sommaren 2015 skapte to slike pinnar moro og latter for long tid framover. Og det skapte ein del artige situasjonar som til dømes då Jesper sklei og ramle hulter til bulter nedover i lyngen då han skulle finne att pinnen han nett hadde kasta.



Seinare same dag blei pinne brukt både til sverd og fiskestong. Fiskestonga fekk i tillegg eit longt strå som snøre. Det blei sjølvsagt ikkje noko fisk til grilling den kvelden, men ikkje fordi vi ikkje prøvde eller hadde stooor tru på at her blei det storfangst!



Agnes og Jesper si urokkelege tru på og bruk av fantasien gjer at eg sjølv let fantasien få fritt spelerom når vi er ute i naturen. Dette gjer meg mykje god inspirasjon til ulike kreative prosjekt eg til ei kvar tid har på gong, og det får meg til å leike meir. Gleda dei har gjer at eg ikkje bryr meg so mykje om at vi kanskje burde ha gått vidare eller at vi kanskje ikkje kjem oss dit eg hadde planlagt vi skulle kome. Eg let leiken få bestemme. Det er ikkje målet som er det viktigaste, men vegen dit og opplevingane på vegen, som gjer ein vellukka tur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar