søndag 7. februar 2016

Kom deg ut dagen

I dag var det den store Kom deg ut-dagen over heile landet. Vi hadde fått invitasjon til DNT sitt arrangement på Ola Narr. Hadde det berre vore på fredag då det lava ned ... I dag var det regn, eit par raude grader, og litt utriveleg sånn generelt. Men slikt skal jo ikkje stoppe oss! Det ligg no litt sanning i det gamle munnhellet om at det ikkje fins dårleg vêr, berre dårlege klær. Og vi har jo fått so fabelakteg flott og godt nytt utstyr, so her skal det iallfall ikkje stå på det!

Glatt på hålska!

Den gamle hoppbakken på Ola Narr kunne diverre ikkje skilte med særleg mykje snø, men desto meir hålske, og det er jo klart at det må ein prøve. Heldigvis var det bart på venstre side so vi kom oss ganske lett opp. Ikkje overraskande var Agnes den som kasta seg utfor fyrst. Det tok nøyakteg 5 sekund før ho hamna på på ryggen og sklei slik ned resten av bakken. Jesper var like heldig, og han mista til og med GoPro-kameraet av hovudet i det han tok telling. Her var det opp til far og redde både kamera og familieæra! Kameraet blei redda umiddelbart, men korleis det gjekk med familieæra treng vi no egentleg ikkje snakke so mykje meir om ... Iallfall ikkje noko meir enn at hålska i regn blir relativt full av vatn og at vanntette bukser ikkje nødvendigvis held deg tørr om du badar:)


Jesper på veg nedover hålska.

Aktivitetsdagen på Ola Narr var eit samarbeid mellom DNT Oslo og Omegn, Bydel Grünerløkka, Kampen Økologiske Barnebondegård, Deichmanske Bibliotek, Lions og FRIGO. Dei hadde laga litt ulike aktivitetar for born. Det var kanskje mest lagt opp for born under 10, men det var moro lell. Dei hadde blant anna satt opp taubane, natursti, hinderløype og trugeløp. Det er nok mange med meg som ikkje tenker at Turistforeninga har slike aktivitetar i nærområdene. Eg var iallfall positivt overraska over at dei ikkje berre har turar i skog og mark. Det betyr at dei har tilbod til alle, til og med dei som ikkje er like glad i å reise ut av byen.


 Taubana på Ola Narr.


 Pinnebrød på grillen.

Varmen frå bålet varma meir enn pinnebrødene.

I dag gjorde vi ei ny oppdaging; Ola Narr! Denne parken er utan tvil verdt eit besøk når snøen kjem tilbake! Det er alltid moro å lære nye ting om byen vår! Dagens opplegg var i tillegg nok eit døme på at ein ikkje treng å reise på dei lengste turane for å ha det moro ute. Det var òg heilt greit å berre kunne sette seg i bilen og køyre heim til ein varm dusj akkurat når det passa oss!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar