torsdag 4. februar 2016

Utstyr

I går då vi kom heim frå skule og jobb, venta det to store pappkasser med turutstyr frå Turistforeninga. Julafta!!! Det var veldig moro å opne og sjå kva vi hadde fått og kva vi skal kle oss opp i på turane framover. Vi blei både overraska og glade over alt det fine vi fekk. Vi fekk full bekledning frå Bergans; skaljakker, fleecejakker og turbukser. I tillegg fekk vi godt ullundertøy frå Devold og ordentlege, vanntette fjellsko frå Viking. Og som om ikkje det var nok, fekk Agnes og Jesper kvar sin 18-liters tursekk med drikkesystem, og eg fekk ein god sekk på 48 liter. Det er nok eg som lyt bere dei tyngste børene, gitt. Men det skulle vel berre mangle! Sekkane var frå Bergans. Krona på kle-verket var ullhuer frå Turistforeninga.


Det var likevel ikkje ferdig med dette! I den eine pappkassa låg det òg eit flunkandes nytt GoPro-kamera som vi skal bruke til å filme små snuttar frå turane våre. Her blir det mykje interaktivitet framover, forstår eg.


Vi snakka om kor heldige vi har vore som blei valt til å vere med på dette. Og då vi la oss var vi alle enige om at det hadde vore ein flott dag!

PS1: Det har no blitt lagt ut ein nettsak på nettsidene til DNT om dei fem testfamiliane. Trykk her for å lese saken.
PS2: Testfamiliane har fått ei eiga FB-side som vi oppfordrar alle til å følge. Den finn du her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar