mandag 22. februar 2016

Direktesendt radio!

I går var vi gjestar på NRK P1 sitt Søndagsåpent! Det hadde eg aldri trudd eg skulle skrive ... Vi var der for å snakke om det å vere testfamilie for DNT.

No er det direkte.

Korleis hamna vi på direkte radio? Eg fekk fyrst ein mail frå Mari, ei av dei hyggelege jentene vi har kontakt med i DNT, om vi kunne tenke oss å vere med på ei radiosending i løpet av helga. Berre om vi hadde lyst, altso. Mykje kan vere sagt om meg og mine, men særleg redd for merksemd er vi vel ikkje ... Sjølvsagt ville vi vere med på dette!

NRK ringte meg so på torsdag og gjekk gjennom opplegget for sendinga og ga meg spørsmålene vi omtrentleg ville få. Slik at vi fekk stille litt forberedt om ikkje anna. Sendinga er frå Tyholt i Trondheim, so vi skulle vere med frå eit lite studio på Marienlyst. Vi var rett og slett "med oss fra studio i Oslo".

Det var med ei viss ærefrykt og ein liten sverm sommarfuglar i magen at vi parkerte på Marienlyst og fann fram til radioresepsjonen der vi skulle møte opp. Sidan eg er lite glad i å vere for seint ute, blei det litt venting før vi fekk beskjed om å ta heisen opp i andre etasje der vi skulle bli henta av ein teknikar. Mens vi venta såg vi Else Kåss Furuseth og systra Ramona.

Radioresepsjonen.

Venting, del 1.

Eg har aldri vore i eit radiostudio før, so det var moro å få sjå korleis ting fungerar. Vi blei henta av ein mann som styrte teknikken frå eit rom som var fylt av skjermar og knappar og ulike datamaskiner. Teknikaren kunne lett ha vore bror til Jørn Stubberud i Mayhem, og spesielt lik var han på eit bilete av han med langt hår Jesper fann på veggen. Teknikaren kunne avkrefte at dei var brør, men at han syntes det var betre å likne Stubberud enn Michael Bolton som dei fleste andre synest han liknar på ...

Teknisk desk.

Det blir ein del venting som gjest på direktesendt radio. Det er nok NRK vant til, for dei hadde utstyrt det tekniske rommet med ei sofagruppe og kaffemaskin som i tillegg hadde kakao. Det korta ned ventetida litt. Og ikkje minst: roa nervane.

Kakao er jo turdrikk nummer 1 på vinteren!

Agnes lyt få kakao òg. 

Venting, del 2.

Endeleg slapp vi inn i studio 1B og fekk på oss headset. No var vi klare. Programleiar Eirik Kjos dukka plutseleg opp over musikken i øyrene på oss og småprata med oss før vi skulle på. Han var veldig flink og fekk oss alle til å slappe av slik at vi skulle vere klare til action. Då vi faktisk var direkte på radio, gjekk alt so fort at vi ikkje hadde særleg tid til å tenke på å vere nervøse og det heile var egentleg over før vi fekk sukk for oss. Vi trur vi svarte bra på det vi blei spurt om og fekk fram kor mykje vi gler oss til å vere testfamilie for DNT.

Med oss fra studio i Oslo ...

Nok ei ny oppleving for Turpotetene. No har vi faktisk vore på direkte sendt radio i NRK P1. Utroleg moro. Kva blir det neste? Lindmo? Skavlan? Haha:)


No gler vi oss til klatring fyrstkomande laurdag og spesielt til dei fine turane utover året!



1 kommentar: